Vedtekter for Utsyn barnehage

1. Eigar

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) eig og driv Utsyn barnehage gjennom NLM-barnehagene AS.

Styret for aksjeselskapet er ansvarleg organ for barnehagen og det organet som representerer eigaren. Eigar kan ikkje hente utbytte frå barnehagedrifta.

2. Formål

a) Formålsparagraf etter barnehagelova

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ta vare på dei behova som borna har for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanis­tisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfri­dom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Borna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Borna skal utvikle grunnleggande kunn­skapar og dugleik. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.

Barnehagen skal møte borna med tillit og respekt, og anerkjenne eigenverdien som barndommen har. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.

b) Eigars formål for barnehagen

Barnehagen skal, i nær forståing og samarbeid med heimen, hjelpe til med å gi barna kristen oppseding i eit godt og trygt miljø. Han skal gi gode utviklings- og aktivitetsvilkår til borna og utvikle deira evne og vilje til å samarbeide med andre, til ta ansvar og til å ha omsorg for medmenneske, både i Noreg og mellom andre folke­slag.

3. Forvaltning av barnehagen

Barnehagen blir driven i samsvar med vedkjenningsskriftene til Den Norske Kyrkja, Lov nr 064 av17. juni 2005om barne­hagar og føreskriftene til lova, rammeplan for barnehagar, og dei føreskrif­tene og retningslinene som departementet til ei kvar tid fastset. I samsvar med § 1, fjerde avsnitt i barnehagelova blir barnehagen driven med utvida kristen føremålsparagraf. Kristen tru, etikk og menneskesyn skal vere grunnlaget for alt som barnehagen tek seg føre. Vedtektene og føreskriftene til barne­hagen skal bygge på same grunnvollen og vere med i grunnlaget for drifta av barnehagen.

4. Avtale om drift

Barnehagen mottek driftstilskot frå Fræna kommune.

5. Opptak av barn

Etter § 12 i barnehagelova skal alle godkjende barnehagar i kommunen sam­ar­beide om opp­tak av barn. Kommunen skal legge til rette for ein samordna opp­taksprosess der det skal takast omsyn til mangfaldet og eigenarten i barnehagane. Ønske og behov til brukarane skal tilleggast stor vekt ved sjølve opptaket.

a) Opptaksmyndigheit

Dagleg leiar er ansvarleg for opptak av barn i barnehagen.

b) Opptakskrins

Barn frå heile kommunen kan søkje om opptak i barnehagen. Har barnehagen ledige plassar etter at samordna opptak i kommunen er gjennomført, kan barn frå andre kommunar søkje om opptak.

c) Opptakskriterium

Ved opptak blir barn prioritert slik:

i) Barn med nedsett funksjonsevne, i samsvar med § 13 i barnehagelova, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester, §§ 4-12 og 4-4, andre og fjerde ledd

ii) ….. plassar, øyremerka barn til tilsette i barnehagen

iii) Søsken til barn som har plass i barnehagen

iv) Omsyn til alderssamansetninga til barna og sikre forsvarleg drift

Står to søknader likt, skal søknadsdatoen vere avgjerande

d) Opptakets lengde

Tilbod om barnehageplass gjeld frå opptaksdato, gitt i brev med tilbod om bar­nehage­plass, og fram til skulepliktig alder.

e) Opptakstidspunkt og oppseiing

Opptak av barn kan gjerast heile året, men hovudopptaket vil gjerast ved sam­ordna opptaksprosess. Dagleg leiar kan, etter skriftleg søknad, tilby barnehageplass utanom hovudopptak.

Oppseiing skal vere skriftleg. Gjensidig oppseiingstid av barnehageplass er 2 månader, rekna frå 1. dag i månaden etter at oppseiinga er skriven. Oppseiing frå barnehagen si side krev sakleg grunn. Oppseiing frå foreldre/føresette, mottatt av barnehagen etter 1. april, medfører plikt til å betale foreldrebetaling ut barne­hageåret, så sant barnehagen ikkje får inn eit nytt barn i oppseiingspe­rioden. Oppseiingstida gjeld også for barn som det er takka ja til plass for, men der foreldre/føresette ombestemmer seg.

f) Klage

Ved hovudopptak kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass og på av­slag om å få sitt første eller andre ønske oppfylt.

Utanom hovudopptak kan berre søkjarar til barnehagen som har lovfesta rett til prioritet etter § 13 i barnehagelova, klage dersom dei ikkje får plass. (sjå Opptakskriterium, pkt 5 c i)

Alle klager må framsetjast skriftleg til kommunen. Ein må nemne kva vedtak det blir klaga over og kva grunnar som klagen støttar seg til.

Reglane for klagetilgang står i ’Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barne­hage’, forskrift2005-12-16nr. 1477.

6. Foreldrebetaling

§ 14 i barnehagelova pliktar offentlege styresmakter til å handsame alle godkjende barnehagar likeverdig i forhold til offentlege tilskot. Så lenge stat og kommune føl­gjer denne paragrafen i barnehagelova, vil barnehagen følgje dei vedtaka som staten gjer om storleiken på foreldrebetalinga. Barnehagen har eige reglement for foreldrebetaling.

7. Misleghald

Dersom betaling for barnehageplass ikkje er mottatt i løpet av den månaden betalinga gjeld for, vil foreldre/føresette få en purreinkasso. Blir heller ikkje denne betalt innan 14 dagar, går saken til inkasso.

Dersom foreldre/føresette skuldar foreldrebetaling for meir enn 1 månad, har barnehagen rett til å seie opp barnehageplassen. Dette gjeld òg når barn gong etter gong blir henta etter at avtalt opphaldstid er overskriden.

8. Arealutnytting

Barnehagen har eit samla leike- og opphaldsareal på 245,3 m² og følgjer kommu­nens norm for arealutnytting på 4m² for barn over 3 år og 5,3 m² for barn under 3 år.

9. Opnings- og opphaldstid

Barnehagen blir driven som heildagsbarnehage og er for barn i alderen 0-6 år. Opningstida er frå kl 07.00 til kl 16.30 måndag – fredag. Barnehagen er sommaropen. I løpet av året er barnehagen stengd 5 kurs- og planleggingsdagar.

Barn skal ha 4 vekers ferie i løpet av eit barnehageår; 3 av desse skal vere saman­hengande.

Barnehagen er stengd julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før Skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.

10. Foreldreråd

Etter § 4 i barnehagelova skal barnehagen ha eit foreldreråd som består av alle for­eldr­e/ føresette til barna i barnehagen. Foreldrerådet skal fremje deira fellesinte­resser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø.

Foreldrerådet skal også ta initiativ til dugnadar i barnehagen og hjelpe til med å gjennomføre desse. Foreldrerådet vel sjølv leiar og sekretær. Dei representerer også foreldra i SU.

11. Samarbeidsutval

I samsvar med § 4 i barnehagelova skal barnehagen ha eit samarbeidsutval (SU) som skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Det består av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe har 2 represen­tantar. Eigar vel 2 representantar til SU, men ikkje fleire enn kvar av dei andre gruppene. Kommunen kan òg ha ein representant i samarbeidsutvalet. Eigar vel sine representantar for 2 år, dei andre for 1 år.

Dagleg leiar i barnehagen er sekretær i samarbeidsutvalet, førebur sakene, set opp sak­liste og kallar inn til møte i samråd med leiar i SU.

Regionleiaren i NLM, eller den regionstyret har valt, har møte- og talerett i SU.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i saker som er viktige for barnehagens innhald, verksemd og i forhold til foreldra. Det skal ha informasjon om budsjett og rekneskap. SU skal godkjenne årsplanen for barnehagen. Saker som gjeld tilset­tingar, opptak av barn og liknande skal ikkje behandlast av samarbeidsutvalet.

12. Dugnad

Foreldre/føresette som takkar ja til barnehageplass, pliktar seg til å vere med på inntil ….. timars dugnad, arrangert av barnehagen og foreldrerådet, kvart barneha­geår.

13. Eigarstyre

Eigar utnemner eit eigarstyre for barnehagen. Denne skal vere eigars lokale organ som hjelper dagleg leiar med oppgåver i samsvar med instruksen til eigarstyret.

14. Internkontroll

Barnehagen skal foreta internkontroll etter gjeldande reglar og føresegner. Program­varen Styrerassistenten og/eller HMS-dokumenta frå PBL er dokumenta­sjonen for internkontrollen i barnehagen.

15. Ansvar

Barnehagen teiknar ulykkeforsikring for barn som har fått plass i barnehagen. Forsik­ringa dekkjer borna heile året, også når dei ikkje er i barnehagen. Dekninga er p t 500.000 kroner ved invaliditet og 50.000 kroner ved død.

16. Iverksetting og endringar

Vedtektene for Utsyn Barnehage, Elnesvågen, gjeld frå 01.01.2011.

Lokale tilpassingar av vedtektene skal godkjennast av eigarstyret for barnehagen, så sant det ikkje gjeld endringar av prinsipiell art. I så fall skal endringane god­kjennast av styret for NLM-barnehagene AS.

Vedtektene er godkjende av styret for NLM-barnehagene AS 10.11. 2010.

Godkjent av eigarstyret for Utsyn barnehage 03/05- 2011.